Røisheim Hotell
Grafisk profil, webside og markedsmateriell har vi utarbeidet for Røisheim Hotell. Røisheim hotell ligg i Bøverdalen på nordsida av Jotunheimen nasjonalpark. Hotellet er ein gamal verna skysstasjon (frå 1858) med ei heilt unik atmosfære og eit berømt kjøkken. Staden består av verna hus i tun frå 1700-tallet og har lange tradisjonar i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar – enten dei ynskjer seg til toppane i Jotunheimen eller søker den gamle og verna skysstasjonens stemning og velsmakande mat.